Hopp til innhold

Mesoterapi

Mesoterapi er ein medisinsk behandling der ein injiserer ulike naturlige stoff som, vitaminar, antioxidantar, hyaluronsyre og aminosyrer direkte i det midterste hudlaget- mesoderm. Det er med på å gi fukt, men og stimulere til danning av kollagen og elastin som forbetrar hudkvaliteten. For optimalt resultat anbefalast det ein serie på 4-6 behandlingar med 1-2 vekers intervall. For å oppretthalde resultatet over tid bør man fortsette med ein vedlikehaldsbehandling kvar 3-6 mnd.Eg tilbyr bedøvelseskrem til alle mine kundar slik at ein får ein mest mogleg smertefri behandling. Mesoterapi er ansett som ein veldig trygg estetisk behandling og har blitt utført sidan 1950 talet. Det er ein av dei store trendane innan medisinsk hudforbetring i USA og Europa og no Noreg. Eg har gått på kurs hos Beauty Technology A/S der kosmetisk dermatologisk sjukepleiar Anne Line Leonthin har vært forelesar og praktisk rådgjevar. Ho er ei av Noregs dyktigaste på dette området. Eg brukar produkta frå Innoaesthetics. Disse produkta er alle naturlege utan tilsetningsstoff og heilt reine og sterile. Alle som ynskjer denne type behandling får eit informasjonsskriv som eg går igjennom, slik at ein skal føle seg ivaretatt om det er noko ein lurar på.

Behandlingar i ansiktet redurerar eller fjernar fine rynker og linjer, stramar opp slapp hud, opprett fuktbalansen og motvirker nydanning av pigmentflekkar. Behandlinga kan og gjerast på hals, brystparti/decollete og hender

Mesoterapi som hårbehandling saman med inntak av spesialtilpassa capslar gir auka hårvekst på hovudet for både menn og kvinner.

Klikk på denne lenka så får du eit lite innblikk i korleis behandlinga blir utført: Nedlastning: IMG_3546.MOV

PRIS

MESOTERAPI pr behandling av ansikt: kr 1990,- (i saman med Dermapen kr 2490.-)

Tar ein mesoterapi som anbefalt  i ein kur på 4 ansiktsbehandlingar, er den 4 behandlinga gratis.

Her er bilder av meg frå kurset der Anne Line  brukte produkt med oppstramande effekt på kinn og kjeve.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring