Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

Hypnoterapi behandling

18. oktober 2025



Eg har starta på noko utruleg spanande!

Eg har begynt på utdanninga i hypnoterapi ved Hypnoseakademiet, og det er verkeleg fascinerande kor mykje me kan påverka eige liv – berre ved å lære korleis tankane og det ubevisste sinnet vårt fungerer.

 

Gjennom studiet lærer eg korleis ein kan endre gamle tankemønster og vanar, slik at dei jobbar med deg – ikkje imot deg.
Når det bevisste og det ubevisste sinnet samarbeider, skjer det noko kraftfullt:
du kan frigjere gamle begrensingar og skape varige, positive endringar i både tanke, følelsar og handling.

No ønskjer eg å praktisera meir, og ser etter nokon som kunne tenkje seg å prøve hypnoterapi.


Eg ser spesielt etter deg som:

  • Kjenner at sjølvtilliten kunne vore betre
  • Slit med eige sjølvbilete
  • Ønskjer å få det betre med deg sjølv – både i tanke og kjensle
  • Føler at forventningane i kvardagen blir for store
  • Kjenner på ein utmattelse av di ein føler ein ikkje strekk til

Det viktigaste er at du har lyst til endring og er motivert for å delta aktivt i prosessen.

 

Behandlinga foregår slik:

Vi startar med ein samtale for å bli kjent og forstå kva du ynskjer å jobbe med

På neste time får du hypnoterapi, der du ligg avslappa på benken, pakka inn i ei lett dyne, medan eg leier deg gjennom ei roleg, trygg prosess. Eg gjer også EFT ( Emotional Freedom Techniques ) på deg. Etterpå har vi ein samtale og du får nokre enkle oppgåve du må  gjera heime

Etter det kan det bli nokre oppfølgingstimar 1-3 Alt etter kor me er komt i prosessen.

 

PS: Hypnoterapi er ikkje som “showhypnose” på TV.
Du mistar ikkje kontrollen – du er avslappa, men fullt bevisst heile tida.
Det handlar om å samarbeide med ditt eige sinn, på ein trygg og naturleg måte.


Om du kjenner deg igjen i noko av dette, og er nysgjerrig på å prøve – send meg gjerne ei melding.
Eg gledar meg til å bruke det eg lærer til å hjelpe fleire å oppdage sitt eige indre potensial.

490kr pr. time fram til mars 26

 Klem Nina

 



Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn