Hopp til innhold

Om meg

Hei, eg heiter Nina Kristin Haugen. Eg vart utdanna sjukepleiar i 1992 og i juni 2016 var eg ferdig utdanna kosmetisk dermatologisk sjukepleiar ved Senzie Akademiet i Drammen.

Eg har hatt eit sterkt ynskje om å bruka kompetansen min til noko eg brenn for og som engasjerar meg. Huden er kroppen sitt største organ. Korleis huden, spesielt i ansiktet ser ut, har stor betydning for korleis ein kjenner seg. Eg er ikkje opptatt av at ein skal ha ein feilfri utsjånad, men at hudprodukt og behandling kan gjera huden betre enn den i utgangspunktet var.

Visjonen min er at kundane opplever ein positiv forskjell.

Hausten 2015  byrja eg på Senzie akademiet, som er den einaste hudpleieskulen i Norden med studiepoeng. Senzie Akademiet  satsar spesielt på 1. års videreutdanning av sjukepleierar innan dermatologi og kosmetiske behandlingar. Etter eg byrja på skulen starta eg opp Etne Hudhelseklinikk. Her tilbyr eg behandlingar og hudpleieprodukt i nyoppussa lokaler på garden her eg bur. 

Mitt mål er fornøyde kundar gjennom virksame behandlingar og god oppfølgjing.

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring