Dermapen 4. microneedling
Dermapen 4 er ein avansert microneedling behandling som aukar hudens kollagenproduksjon. Det er ein medisinsk behandling utført av helsepersonell og kan ikkje samanlignast med microneedlings rulle som ein kan bruke heime.
![]()
Microneedling kan ein bruke for å behandle:
- Slapp og aldrande hud
- Rynker og fine linjer
- Røykerynker rundt munnen
- Acnearr
- Store porer
- Misfarga arr (f.eks. etter acne, kirurgi og brannskader)
Under ein Dermapen behandling, vibrerer 12 sterile eingongsnåler, og lagar opp mot 1300 microkanaler i huden pr sekund. Dette sikrar effektivt opptak av behandlingsprodukt, og gir ein kollagenstimulerande effekt djupt nede i huden.
Ved behandling med Dermapen vil ein kunne kjenne litt smerter i huden om ein ikkje brukar bedøvelseskrem . For optimal effekt anbefales det ikkje å bruke bedøvelseskrem, men det kan sjølvsagt påførast dersom ein ynskjer det. Ein treng fleire behandlingar for å oppnå eit optimalt resultat og det bør går 4-8 veker mellom kvar behandling. Mange ser resultat etter den fyrste behandlinga, men meir varige resultat oppnår man etter 3-6 behandlingar. Din hudtilstand vil forbetrast ytterligare i 6-12 månader etter ein behandlingskur. Eg ynskjer at du gjer Dermapen behandling i kombinasjon med eit tilpassa hudpleieprogram for optimalt resultat. Etter behandlinga er det vanleg at huden blir raud og kan føles lett hoven i opp til ein veke. Etter 48 timar kan du påføre Make Up. Det er viktig at du fylgjer anbefalte råd etter behandlinga.
Dermapen 4 microneedling med serum og maske ca 60 min kr 2490.-
Dermapen 4 microneedling med serum og kjemisk peel kr 2990.-
Dermapen 4 microneedling med ZO Firming serum, 8 ml pipetteflaske. Serumet blir brukt under behandling. Du får resten med deg heim og skal bruke det morgen og kveld i ca 1 veke for ein enda betre effekt på behandlinga kr 3690,-
Dermapen 4 microneedling. Kur 4 behandlingar med ca 6-8 vekers mellomrom med tilpassa serum under behandling og maske. Du betalar vanleg pris på dei 3 fyrste behandlingane og 1490kr på 4. behandling.

