Logg inn

Logg inn med ditt passord for å redigere hjemmesiden!

Skriv inn epostadressen din (må være den som er registrert på Mekke), og trykk på "Send meg passord" for å bli tilsendt nytt passord på epost.

Hopp til innhold

IPL HÅRFJERNING

IPL betyr intense pulsed light. Systemet brukar forskjellige bølgelengder av lys for å levera energi og varme til forskjellige lag av huden. Her er målet å treffe melaninet - pigmentet i håret, som skal leda varmen ned i hårsekken og øydeleggje den og dermed forhindra at håret veks opp igjen. Behandlinga går ut på å levere ein kontinuerleg repetisjon av korte 10 Hz pulsar djupt i dermis som gir ein effektiv varmeoppbygging som er nær smertefri.

Korleis blir hårfjerninga utført?

Før du kjem til behandling er det viktig at du har barbert området som skal behandlast dagen før. Det er også viktig at ein kjem med rein hud utan bodylotion, deodorant o.l.

Du får på deg spesialbriller som beskyttar augene mot lyset frå maskinen. Eit lag med kjølande gele blir smurd på huden for å gjere behandlinga komfortabel. Lyshovudet blir plasert på huden og eit kort lys blir utløyst enten stasjonært eller i bevegelse. Denne prosessen blir repetert til heile området er behandla. Huden kan bli raud etter behandlinga.

Kven passar denne behandlinga for?

Mørke hår mot lys hud er ideelt. Mørke hår inneheld meir melanin – pigment og vil derfor varmast lettare opp. Lyse og raude hår inneheld mindre pigment og er vanskelig å behandle. Derfor anbefalar eg ikkje denne behandlinga til dei.

Eg behandlar heller ikkje:

Hjartesjukdom med pacemaker

Diabetes mellitus

Gravide og ammande

Dei med ein hudinfeksjon i det planlagt behandla området.

Dei som står på medisin som gir lysømfintlighet.

Epileptikarar

For å kunne utføre ein behandling, skal man ikkje være brun, og man må ikkje ha vært i sola, eller brukt sjølvbruningskrem dei siste 4 vekene før behandling.
Man skal heller ikkje ha voksa, bleka eller nappa håra i forkant av ein behandling.

 Korleis føles behandlinga?

Du vil føle varme og at det nappar  eller stikk noko i huden.

Kva kan ein forvente etter behandlinga?

Hårsekkane blir øydelagt av varmen, men håra blir i hårsekken ein tid framover. Det normale er at håra fell ut etter 1-3 veker. I den her perioden kan det sjå ut som at håra veks, men sanninga er at dei gradvis blir støtt ut av hårsekken. Nå skal ein ikkje nappe eller vokse håra , men evt barbera seg eller vente til at håra fell ut av seg sjølv.

Biverknader eller reaksjonar etter behandlinga?

Huden kan bli svært raud rett etter behandlinga, men det avtar vanlegvis etter eit par timar. Dei fleste har ikkje biverknadar eller unormale hudreaksjonar, men er det noko ein lurar på ynskjer eg at du tar kontakt med meg så snart som mogleg. Det er viktig å unngå solesponering på det behandla område ein månad før og ein månad etter behandlinga eller bruk høg solfaktor opp mot SPF 50 (blokk) for å unngå solskadar og pigmentforstyrrelsar.

Kor mange behandlingar er nødvendig?

Håret veks i ein syklys på 3 fasar. Vekstfasen, kvilefasen og fasen der dei fell av. Det er kun hår i vekstfasen som er mottakeleg for lysbehandlinga. Hår som er i kvilefasen under behandling blir ikkje påverka av lyset. Dei må tas i neste behandling. Det er derfor ein gradvis reduksjon av håra, der ein må gjere fleire behanlingar  for å få best mogleg resultat. Ein kan gjenta behandlinga etter 4-8 veker alt etter kva område som vert behandla. Antall behandlingar som må til er individuelt, men det vanlege er 6-8 behandlingar. Det er nødvendig med fleire behandlingar på overleppe og hake enn på legger og bikinilinje.

Eg har testa ut behandlinga sjølv på legger, lår og under armane og er superfornøyd.

PRISAR:

Armholer kr 1200   

Bikinilinje kr 1500

Legger kr 2700

Lår kr 4000

Magestripe kr 1000

       

 

Del denne siden med andre!

Share on Facebook

Personvernerklæring

Logg inn