Hypnoterapi behandling og EFT
18. oktober 2025

Eg har starta på noko utruleg spanande!
Eg har begynt på utdanninga i hypnoterapi ved Hypnoseakademiet, og det er verkeleg fascinerande kor mykje me kan påverka eige liv – berre ved å lære korleis tankane og det ubevisste sinnet vårt fungerer.
Gjennom studiet lærer eg korleis ein kan endre gamle tankemønster og vanar, slik at dei jobbar med deg – ikkje imot deg.
Når det bevisste og det ubevisste sinnet samarbeider, skjer det noko kraftfullt:
du kan frigjere gamle begrensingar og skape varige, positive endringar i både tanke, følelsar og handling.
No ønskjer eg å praktisera meir, og ser etter nokon som kunne tenkje seg å prøve hypnoterapi.
Eg ser spesielt etter deg som:
- Kjenner at sjølvtilliten kunne vore betre
- Slit med eige sjølvbilete
- Ønskjer å få det betre med deg sjølv – både i tanke og kjensle
- Føler at forventningane i kvardagen blir for store
- Kjenner på ein utmattelse av di ein føler ein ikkje strekk til
Det viktigaste er at du har lyst til endring og er motivert for å delta aktivt i prosessen.
Behandlinga foregår slik:
Vi startar med ein samtale for å bli kjent og forstå kva du ynskjer å jobbe med
På neste time får du hypnoterapi, der du ligg avslappa på benken, pakka inn i ei lett dyne, medan eg leier deg gjennom ei roleg, trygg prosess. Eg gjer også EFT ( Emotional Freedom Techniques ) på deg. Etterpå har vi ein samtale og du får nokre enkle oppgåve du må gjera heime
Etter det kan det bli nokre oppfølgingstimar 1-3 Alt etter kor me er komt i prosessen.
PS: Hypnoterapi er ikkje som “showhypnose” på TV.
Du mistar ikkje kontrollen – du er avslappa, men fullt bevisst heile tida.
Det handlar om å samarbeide med ditt eige sinn, på ein trygg og naturleg måte.
Eg brukar også EFT.
EFT (Emotional Freedom Techniques) er ein enkel metode for å roe ned sterke kjensler og stress.
Kort forklart:
-
Du bankar lett med fingrane på bestemte punkt på kroppen (ofte i ansiktet og på overkroppen)
-
Samtidig set du ord på det du kjenner – til dømes uro, angst, smerte eller negative tankar
Tanken bak EFT er at:
-
Kjensler og stress kan skape ubalanse i kroppens energisystem
-
Når du bankar på punkta medan du fokuserer på problemet, kan kroppen roe seg, og kjensla blir ofte svakare
EFT blir brukt til:
-
Stress og angst
-
Redsel og fobiar
-
Sjølvbilde og vonde tankar
-
Smerter og spenningar
Om du kjenner deg igjen i noko av dette, og er nysgjerrig på å prøve – send meg gjerne ei melding.
Eg gledar meg til å bruke det eg lærer til å hjelpe fleire å oppdage sitt eige indre potensial.
490kr pr. time fram til mars 26
Klem Nina

